Aktuelt i kommunen

  • 31.03.2025

    Godheitsveka Sykkylven

    I veke 14 blir Sykkylven fylt med ekstra varme og fellesskap når den årlege “Godheitsveka” går av stabelen. Dette er ei veke der innbyggarane blir oppmoda til å glede andre og spreie godheit i lokalsamfunnet. Gjennom enkle, men betydningsfulle handlingar - som eit smil, venlege ord eller besøk til einsame - kan ein skape positive ringverknadar og styrke fellesskapet.
  • 28.03.2025

    Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og drenering. Søknadsfrist: 15. april

    Føremålet med ordninga tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket er å fremje natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og redusere forureining frå jordbruket. Tiltaka skal vere utover det ein kan vente av vanleg jordbruksdrift.