13.06.2025
Moglegheiter i Tynes møbelfabrikk
Arkitektfirmaet SOL-IS og Husbanken står bak eit nasjonalt prosjekt som skal gjere om funksjonstomme bygg til bustadar. Dei har kartlagt bygg over heile landet, og over 100 bygg var meldt inn. Etter dialog med fleire kommunar, vart til slutt nokre få bygg valt ut til vidare utgreiing, og eitt av dei var Tynes møbelfabrikk i Sykkylven.