Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Kunngjering av konkurranse om veterinærtenester

Kommunane som inngår i Ålesund og Stranda veterinærvaktdistrikt kunngjer med dette konkurranse om veterinærvakttenester. Stranda kommune er vald til driftsansvarleg kommune av dei andre kommunane som er med i veterinærvaktdistriktet. Vaktdistriktet omfattar kommunane Ålesund, Sula, Sykkylven, Giske og den vestlege fastlandsdelen av Haram kommune i tillegg til Stranda.  Kunngjering skjer berre via heimesidene til oppdragsgjevarane. Dette er ein open konkurranse, og alle som oppfyller kvalifikasjonskrava kan levere tilbod.

Føremålet med anskaffinga er å dekkje kommunane sitt ansvar for å organisere ei klinisk veterinærvakt i samsvar med lov 15. juni 2001 nr. 75 om veterinærer og annet dyrehelse-personell § 3 a. Oppdraget er ei rammeavtale som gjeld i 4 år. Det vert inngått avtale med fleire veterinærar. Nærmare informasjon om oppdraget og konkurransen kan ein finne i vedlagde konkurransegrunnlag. Vi ber interesserte leverandørar om snarast å sende e-post med melding om interesse for konkurransen til oppdragsgjevar sin kontaktperson slik at ein kan motta eventuelle tilleggsopplysningar (sjå konkurransegrunnlaget punkt 2.2.).

Oppdragsgjevar sin kontaktperson for anskaffinga er Åshild Fløisand, som har e-post: aaf@sands.no

Frist for å levere tilbod i konkurransen er fredag 23.02.18 kl. 12:00. Det er viktig at tilbodet er komplett og utforma i samsvar med krava i konkurransegrunnlaget.

Vedlegg:
Konkurransegrunnlag

Info 
Web Redaktør 06.02.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]