Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kultur og fritid Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Ny og vital heimeside for biblioteket

¤EPII_TITLE¤ Sykkylven bibliotek har no gått inn i ein ny digital kvardag og vert tilgjengeleg for publikum på ein heilt ny måte. Den ferske heimesida til biblioteket vert kontinuerleg oppdatert med informasjon om aktuelle saker og arrangement.

Brukarane kan også gå inn på tipsbloggen «Bli inspirert», der over 50 bibliotektilsette i Møre og Romsdal vil kome med nye bok- og filmtips kvar veke. Heimesida gir ein grei oversikt over alle tenestene som biblioteket byr på. Til dømes kan publikum, 24 timar i døgnet, gå inn og bestille/reservere bøker, forlenge lånetida eller få oversikt over eigne lån.

Den nye nettprofilen er lansert saman med dei 32 andre folkebiblioteka i Møre og Romsdal, der hensikta er å synleggjere biblioteka betre og bidra til å gjere dei samla bibliotekressursane i fylket meir tilgjengeleg. Løysinga er i stor grad bygd på dugnad og delingskultur mellom biblioteka. Alle biblioteka har såleis ei felles nettadresse (mrbiblioteket.no), med link til kvart einskild bibliotek si heimeside, slik at dei lokale behova vert dekka. Dette prosjektet har vore planlagt over lang tid og Sykkylven bibliotek håper at den nye heimesida http://www.mrbibliotek.no/sykkylven vert godt motteke hos publikum.

Info 
Web Redaktør 29.11.2013 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]