Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Tilsyn med den kommunale beredskapen

¤EPII_TITLE¤ Fylkesmannen har starta ei runde med tilsyn i kommunane, der han skal sjå til at kommunane sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap er i samsvar med fastsette krav. Sykkylven hadde tilsynsbesøk den 3. oktober 2013.


I tilsynsrapporten som no ligg føre skriv Fylkesmannen:

"Både dokumentgjennomgangen og tilsynsbesøket viste at Sykkylven kommune er medviten om oppgåver og ansvar for samfunnstryggleik og beredskap. Alle vesentlege element innanfor kommunal beredskapsplikt er på plass, og den kommunale beredskapen framstår
som gjennomtenkt, ryddig og godt forankra både administrativt og politisk."

Tilsynet avdekka eitt avvik:
  • - Sykkylven kommune si heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalyse omfattar ikkje vurdering av behovet for befolkningsvarsling og evakuering
Om avviket skriv Fylkesmannen elles: "Det avdekte avviket gjeld ein detalj i det store bildet."

Kommunen skal sende inn ein plan for korleis avviket skal følgjast opp, og utifrå den kan Fylkesmannen lukke avviket.

Vi er nøgd med resultatet av tilsynet, og vil også ta med merknader og kommentarer som kom fram under tilsynsmøta, og arbeide vidare for å gjere heile beredskapsorganisasjonen endå betre.

Les meir i Fylkesmannen sin rapport og oversendingsbrev.

Oversendingsbrev - tilsynsrapport

Tilsynsrapport


Info 
Skjeret, Torill Olin 03.12.2013 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Relaterte - alle gruppert [2] 
Rediger 
Uten navn [4]