Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Situasjonen ved Sykkylven Legesenter

Det har den seinare tida vore mange oppslag i media om situasjonen ved Sykkylven Legesenter. Dette er ein vanskeleg og krevjande situasjon for både Legesenteret og for kommunen. Sykkylven kommune er den som etter lovverket har det formelle ansvaret for at innbyggjarane i Sykkylven får gode legetenester. Samtidig har kommunen gjort avtale med Sykkylven Legesenter om å ta ansvar for denne drifta og desse tenestene.

Det siste året har det vore ein del utskifting av legar ved kontoret av ulike årsaker. Det vil difor også ta litt tid før alle rutinar og tenester vert utført slik vi ynskjer det skal skje, samtidig som vi held på med ei storstill oppgradering av IKT-løysingane ved kontoret.

På bakgrunn av innspel i media, anonyme og ikkje anonyme klager til Fylkeslegen, Pasientombodet og til Legekontoret, varsla Fylkesmannen tilsyn med Sykkylven Legesenter tidleg i januar 2014. Bakgrunnen var fleire bekymringsmeldingar om feil ved pasientbetalinga ved Legesenteret. Legesenteret tok dette på stort alvor og sendte all informasjon og dokumentasjon over til Fylkeslegen. I brev datert 24.01.14 frå Fylkeslegen skriv han følgjande: «Fylkesmannen har, med bakgrunn i foreliggande informasjon, ikkje funnet grunnlag for ytterligare tilsynsmessige tiltak på nåværende tidspunkt».

Dei tilsette ved Sykkylven Legesenter opplever denne situasjonen som svært belastande. Alle ynskjer å bidra til å gje best mogleg helse- og legetenester til innbyggjarane. Legesenteret har hatt ein god dialog med Fylkeslegen og vil gjere alt som vi kan for å rette opp dei forhold som har vore omtalt/påpeika som ikkje er gode nok.

Både Sykkylven kommune og Sykkylven Legesenter ynskjer at innbyggjarane i kommunen skal vere fornøgde med dei tenestene som ein får ved Legesenteret og at det er eit godt tillitsforhold mellom brukarane/pasientane og dei tilsette ved Legesenteret.

Følgjande tiltak er sett i verk:

§ Faste dialogmøte mellom kommunen og Legesenteret

§ Gjennomgang av rutinane i forhold til publikumskontakten

I denne vanskelige perioden er det også mange som har gjeve uttrykk for at dei er fornøgde med tilbodet og servicen som ein har ytt, men samtidig må vi gjere noko med dei forholda som fleire ikkje har vore nøgde med. Kommunen og Sykkylven Legesenter vil vere lydhøyr for innspel frå innbyggjarane på tiltak som kan vere med å byggje opp og forsterke tilliten til legetenesta i Sykkylven.


Sykkylven 31.01.14

Sudarshan Bhatia          Petter Lyshol          Ole-Johan Lillestøl
Kommuneoverlege         Ordførar                  Rådmann

Info 
Web Redaktør 31.01.2014 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]