Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Varsel om oppstart områderegulering Sykkylven sentrum

¤EPII_TITLE¤
Med heimel i plan- og bygningslova §§ 12-2 og 12-8, varslar Sykkylven kommune oppstart av arbeid med område­regulering av Sykkylven sentrum. Reguleringsarbeidet blir utført av Plot arkitekter as på vegne av, og i tett samarbeid med Sykkylven kommune.

Ei oppstartsmelding med ein breiare omtale av grunnlaget og rammene for planen, viktige problemstillingar, og tankar om løysingar, er lagt ut på Sykkylven kommune og Plot arkitekter as sine nettsider; www.sykkylven.kommune.no (under Høyringsdokument)
og www.plot-arkitekter.no

Grunnlag for planen er arbeidet med sentrumsutvikling i kommuneplanen, og arkitektkonkurransen i 2012 som blei halden om utvikling av sentrum. Dei to vinnarprosjekta frå arkitektkonkurransen skal leggast til grunn for utarbeiding av reguleringsplanen.
 
Formålet med planarbeidet er å fastsette rammer for framtidig vekst og utvikling av Sykkylven sentrum. Viktige målsettingar er mellom anna å skape eit meir funksjonelt og attraktivt sentrum - tilgjengeleg for alle, legge til rette for bustadutvikling og næringsliv, og forsterke den etablerte kvartalstrukturen. Vidare blir det viktig å legge til rette for betre kontakt mellom sentrum og sjøen, og som ein del av dette; at dagens fylkesveg på sikt kan utviklast til ei sentrumsgate. 

Innspel eller merknader kan sendast Sykkylven kommune, Rådhuset, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven eller på epost
postmottak@sykkylven.kommune.no . Det blir også høve til å kome med uttale når eit planforslag er utarbeidd og blir lagt ut til offentleg ettersyn.

Det blir halde ope orienteringsmøte mandag 24.02.2014 i vestibyla i Sykkylven kulturhus kl 18:00.

Frist for innspel er sett til 05.03.2014.
Info 
Hoftun, Njell 04.02.2014 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]