Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Høyring - Kommunedelplan for Nysæterområdet

¤EPII_TITLE¤ Kommunedelplan for areala kring Nysætervatnet er lagt ut til 2.høyring. Høyringsfrist er 7.april 2014.
I medhald av plan- og bygningslova § 11-14  vedtok Nærings- og utviklingsutvalet den 11.02.2014 å legge forslag til Kommunedelplan for areala kring Nysætervatnet ut til 2.gongs offentleg høyring.

Planforslaget dekker områda kring Nysætervatnet og erstattar tidlegare områdereguleringsplan for same område.

Fjellområda kring Nysætervatnet utgjer ein viktig ressurs for Sykkylven både som rekreasjonsområde og som hytteområde. Planforslaget søkjer å sikre viktige rekreasjonsmulegheiter, skiløyper  og miljøkvalitetar i området, samstundes som ein legg til rette for vidare utbygging og næringsutvikling.

Kommunedelplanen gir rammer og retningslinjer for arealbruk og utbygging i området. Utbygging krev detaljregulering av byggeeområda. I samband med detaljeregulering skal det utarbeidast eigen VA-plan for hytteområda. Planen gir  heimel for tilknyttingsplikt til framtidig felles avløpsanlegg i området.

Merknadar til planforslaget kan sendast Sykkylven kommune, Rådhuset, 6230 Sykkylven, evt. e-post: postmottak@sykkylven.kommune.no  innan 7.april.2014.
Info 
Hoftun, Njell 17.02.2014 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]