Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Høyring - Detaljreguleringsplan for Aure Panorama

I medhald av plan- og bygningslova § 12-10 vedtok Nærings- og utviklingsutvalet den 17. mars 2014 å legge forslag til Detaljreguleringsplan for Aure Panorama ut til 1. gongs offentleg høyring. Høyringsfrist er 5. mai 2014.

Området, som Lade Bygg ynskjer å detaljregulere for, inngår i planane for områderegulering av Sykkylven kommune si regulering av Sykkylven sentrum. Detaljreguleringa har til hensikt å følgje opp og konkretisere arealdisponeringa i samsvar med gjeldande kommunedelplan samt framtidig områdereguleringsplan for Sykkylven sentrum.

Lade Bygg ynskjer å bygge om dei gamle fabrikklokala på tomta til ei bustadblokk med totalt 9 leilegheiter med bustadformål. Bygget vert på tre etasjar, og det vert tre leilegheiter per etasje.

Merknadar til planforslaget kan sendast Sykkylven kommune, Rådhuset, 6230 Sykkylven, eventuelt e-post:
postmottak@sykkylven.kommune.no seinast 5. mai 2014.

Info 
Webredaktør 19.03.2014 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]