Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Kunngjering av planvedtak

¤EPII_TITLE¤ Kommunedelplan for områda kring Nysætervatnet vart  i  medhald av plan- og bygningslova § 11-15,  vedteken av  Sykkylven kommunestyre den 26.05.2014. 
Plandokumenta finn du her

Planomtale
Plankart
Føresegner
Konsekvensutgreiing
Protokoll kommunestyret 26.05.2014

Jfr. § 11-15 i plan- og bygningslova, kan ikkje kommunestyret sitt vedtak påklagast.

Hovudtrekka i planen er ein kombinasjon av tilrettelegging av nye byggeområder samtidig som ein sikrar viktige friluftsinteresser og naturverdiar. 

Det er krav om detaljregulering av hytteområda i samband med ny utbygging. Plankravet fordrar stor grad av samarbeid mellom grunneigarar innanfor kvart felt. For sikring mot forureining skal det utarbeidast eigen VA-plan for felta, samtidig med reguleringsarbeidet. Planen heimlar tilknyttingsplikt til framtidig felles avløpsanlegg som er under utgreiing.  

Gjennom detaljregulering opnar også planen for fortetting av eksisterande hyttefelt.  

Friluftsinteressene er sikra med større omsynssoner, løypetrasear med fokus på Fjellseterrunden og betre tilrettelegging for offentlege parkering.  

Tidlegare Reguleringsplan for områda kring Nysætervatnet frå 2001 er no oppheva. Eksisterande bygnadsplanar/reguleringsplanar som framleis skal gjelde går fram av pkt. 7.7 i føresegnene til ny plan. Der det er avvik mellom eldre reguleringsplanar og ny kommunedelplan, er det bestemmelsane i ny plan som gjeld. 
Info 
Hoftun, Njell 04.06.2014 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]