Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Landbruk og Miljø Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Orientering om gratis rettleiing relatert til skogkultur i Stranda, Sykkylven og Norddal kommune

¤EPII_TITLE¤

Skogkultur er eit viktig satsingsområde for at skogressursane skal nyttast på ein god måte. Med bakgrunn i dette er det gjennom eit samarbeid mellom fylkeskommunen, skogbrukssjefen og Stranda, Norddal og Sykkylven kommune blitt satt av 60 000,- kr for å gi rådgivande tenester fram til 1. august 2014.

Desse tenestene er gratis for alle skogeigarar og vil bli utført av ein nøytral instans som skal jobba som eit mellomledd mellom skogeigar og aktørar i marknaden. Han kjem til oppsøkje skogeigarar som har stort skogfond og dei som ikkje har forynga skogen slik skogbrukslova krev.

Tenestene som vil bli tilbydd er:

· Synfaring av foryngingsflater og ungskog.

· Informasjon og rettleiing relatert til: skogkultur og skogbehandling; planting, planteforband, plantetype og proveniens; skogreising og investeringstiltak for å auke verdien på skogeigedomen.

· Innhenting av tilbod frå ulike aktørar som sørgjer for at skogeigar får best mogleg tilbod.

Investering i skogkultur vil forrente seg ved sluttavverking i form av lågare omløpstid, god kvalitet på virket og gi ei betre utnytting av markas produksjonsevne.
Skogfondsmidlar og tilskot til skogkultur vil sørgje for at kostnadane til skogeigar etter skatt er veldig lav. Om skogeigar ikkje har tilgjengeleg skogfond er tilskotet til skogkultur på 50 % av investeringa.

Konsulenten har fem års skogutdanning fra høyskolen i Hedmark og NMBU. Tidligare erfaring relatert til skogkultur i Møre og Romsdal frå tidligare jobb og aktivt skogbruk i Vestnes.

Han kan nåast per telefon 406 49 917 alle dagar i veka frå kl: 07.15-18.00 (unntaksvis 12-19 juni) eller på mail: rastokkeland@gmail.com.

Eg vonar at skogeigarane nyttar det gode tilbodet dei no får, eg er sjølvsagt tilgjengeleg store delar av sommaren for rådgjeving og spørsmål.

Asle Johan Bergseth Konnerth
skogbrukssjef Indre Sunnmøre skogbrukdistrik

Info 
Web Redaktør 04.06.2014 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]