Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kultur og fritid Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Biblioteket inviterer til ny «boksommar»

¤EPII_TITLE¤ For sjette år på rad inviterer Sykkylven bibliotek bygdas unge lesarar til å delta på «Boksommar». Dette er ein uformell lesekonkurranse der barn frå 1. til 10. klasse kan delta. Målet er å fremje leseglede og auke interessa for barne- og ungdomslitteratur.

Forrige sommar gav rekordmange deltakarar, og biblioteket vonar at minst like mange vil bruke delar av årets ferie til ei vandring inn i litteraturens fantasifulle verd.

Deltakarskjema er sendt ut til alle klassar på barneskuletrinnet, medan elevar på ungdomsskulen kan få det på biblioteket. Alle som les minst fem bøker i tidsromet 16. juni – 1. september vert med på trekninga av mange fine premiar. I tillegg vankar det ekstrapremie til samtlege deltakarar. Dette vil bli delt ut på den populære Boksommar-festen som biblioteket arrangerer i september.

Info 
Web Redaktør 17.06.2014 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]