Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Landbruk og Miljø Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Gjerdeplikt

Landbrukskontoret får gjennom beitesesongen mange beskjedar om at om sauer som har forvilla seg inn i private hagar. Kven har ansvaret for å vedlikehalde gamle gjerder mot utmark? Er det  grunneigar eller er det bonden?

 Må ein som grunneigar vedlikehalde gjerder sjølv om ein har lagt ned drifta på garden? Gjerdeplikt er eit tema som vekker debatt, spesielt på hausten når beitedyra i utmark trekker nedover mot grøne og saftige innmarksbeiter. Gjerdeplikta skal sørge for at nødvendige gjerder vert etablert og halde vedlike. Gjerdeplikt er med andre ord eit system som skal sikre at alle eigarar i eit område skal bidra med sin del for å halde gjerda i forsvarleg stand.

Det er gjerdelova som regulerer dei privatrettslege sidene ved gjerder mellom naboeigedomar. Hovudregelen er imidlertid at naboar kan inngå avtalar som vil gå framfor det som står i lova. Opplysningar om kven som har gjerdeplikt finn ein ofte i skylddelingsdokument, i fyrste skøyte, i tinglyste avtalar, skjønn eller i jordskiftesaker. Gjerdeplikta er i utgangspunktet likt fordelt mellom naboane og gjeld også om bruket er fråflytta eller gardsdrifta er lagt ned. Ofte kan pålagde gjerdeplikter følast urimelege. Bruken av eigedomane har endra seg, og det er kanskje andre som har nytte av gjerdet i dag enn då gjerdepliktene vart bestemt. Løysinga er ikkje å slutte med gjerding, men å finne fram til ordningar som fungerer og verkar rimelege. Gjerdeplikt er ein privatsrettsleg sak som kommunen ikkje har heimel for å handsame. Ved konflikter som ikkje lar seg løyse med samtalar mellom partane anbefaler kommunen å krevje jordskifte.

Info 
Web Redaktør 05.09.2014 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]