Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Trafikkregulering for strekninga forbi Sykkylven kyrkje, del av Kyrkjevegen - frå og med tysdag 14. oktober 2014

¤EPII_TITLE¤ Sykkylven kommune har innført trafikkregulerande tiltak for ein del av Kyrkjevegen - frå Sykkylven kyrkje og fram til påkøyringa til den nye Haugsetvegen.
Det vert sett opp skilt med innkøyring forbudt ved nordvestre hjørne av kyrkja, på sentrumssida.  Denne skiltinga fører til at ein ikkje lenger kan køyre bil frå sentrum forbi kyrkja til blant anna Sykkylven ungdomsskule og  Sykkylven kulturhus.
Frå same området til sentrum vert det derimot tillate køyring, men strekninga vert skilta med maksimal aksellastgrense på 3,5 tonn.

Tiltaka vert sett i verk for å redusere trafikkmengda og betre trfaikktryggleiken til gåande og syklande. 

Kortaste vegen frå sentrum til t.d. Sykkylven ungdomsskule, Sykkylven kulturhus, Sykkylven vidaregåande skule eller Sykkylven storhall vert å køyre mot småbåthamna via Sykkylvsvegen (fv60), vidare langs Aureelva på Dalevegen (fv73) og inn på Haugsetvegen via Aure gamle bru.  Tilbake kan du som nemnt velgje å køyre som før, dvs via Kyrkjevegen, dersom køyretyet ditt då ikkje har større aksellastgrense enn 3,5 tonn.

Skiltinga vert gjennomført frå og med tysdag 14.10.2014.
Info 
Web Redaktør 17.10.2014 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]