Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Barne- og familietenestene Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Psykisk helseteneste til barn og ungdom

¤EPII_TITLE¤ Kommunen har fått auka kompetanse og kapasitet i den psykiske helsetenesta til barn og ungdom. Dette i form av nytilsett psykolog og ny stilling i skulehelsetenesta.

Vi er svært glade for å kunne tilby psykolog i vårt tenestetilbod. Anne Kristin Riise er tilsett som psykolog i barne- og familietenestene, med målgruppe barn og unge opp til 18 år.

Psykiske vanskar og lidingar kan ramme dei fleste. For nokre varer slike plager over lang tid og tar både tid og krefter. Når barn og unge viser symptom eller har psykiske vanskar er det avgjerande at dei får hjelp så tidleg som råd. Tidleg hjelp har stor betydning for omfang av hjelpebehov og prognose, og vil ofte kunne bidra til avgrensing og kortare varigheit for vanskane.

Kommunen si psykiske helseteneste til barn og ungdom består av helsestasjon og psykolog. Barn opp til skulealder har faste konsultasjonar på helsestasjonen og særskilt oppfølging ved behov. Frå skulestart har helsesøster utover fastsette konsultasjonar, også trefftider ved alle barneskulane, ungdomsskulen og ved Sykkylven vidaregåande skule.

Det kan vere vanskeleg å vite om ein skal be om hjelp ved bekymring i høve åtferd hos barn eller ungdom. Kanskje er det ein naturleg reaksjon etter hendingar i livet? I mange tilfelle kan det dreie seg om normale, kortvarige reaksjonar på stress eller problem, men vedvarande vanskar kan vere teikn på at psykisk liding er under utvikling.

Vi er opptatt av å vere eit lavterskeltilbod, og håper at du ikkje nøler med å ta kontakt om du har ei bekymring. Vi kan også vere med vurdere bekymringa dersom du lurer på om den er stor nok for å søke hjelp!

Psykologen kan du kontakte direkte eller via helsesøster/andre kommunale tenester. Tenesta er gratis og det er ikkje nødvendig med henvising frå lege.

Linda Hovland
einingsleiar barne- og familietenestene

Info 
Web Redaktør 11.09.2014 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]