Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Oppstartsvarsling av detaljregulering for FB2 på Klokk

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8, varslast oppstart av privat reguleringsplan; Detaljregulering FB2 – 65/6, gnr. 65 bnr. 6 i Sykkylven kommune. Forslagsstiller og grunneigar er Nils Gunnar Brunstad. Planarbeidet vert utarbeidd av Karlsen & Kvile AS.

¤EPII_TITLE¤

Formålet med planarbeidet er å legge til rette for utbygging av fritidsbustader og naust. Det planleggast å legge ein tilkomstveg frå Dalevegen og ned til sjøen. Ved sjøen vurderast å etablere ein liten molo med gjestebrygge. Planområdet er om lag 45 dekar stort, der halve tidlegare har vore beitemark og andre halve utmark/skog.

Området er i gjeldande «Kommuneplan Arealdelen 2013-2025», godkjent 27.05.2013, avsett til FB2 (fritidsbustad som grenser til sjø). Planforslaget samsvarer dermed med overordna plan.

Oppstartsmøte vart halde 20.06.2014. I samråd med planmyndigheit i Sykkylven kommune er det konkludert med at planen ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing eller planprogram. Forslagsstiller er gjort kjent med krav til planframlegg frå kommunen samt plan- og bygningslova.

Oppstartsmeldingen kan ses på Sykkylven kommune sine nettsider, www.sykkylven.kommune (under Høyringsdokument og Planoversikt). Berørte grunneigarar og naboar vert brevvarsla direkte.

Eventuelle synspunkt og merknader til planarbeidet sendast skriftlig til Karlsen & Kvile AS, Vatneeidet, 6265 VATNE, eventuelt e-post: firmapost@oppmaalingstjenester.no.

Merknadsfristen er torsdag 6. november 2014.

Sannsynleg vidare saksgang: Etter at merknadsfristen er ute, vil det bli utarbeida eit planforslag som blir sendt til Sykkylven kommune for behandling. Etter første gangs behandling i kommunen blir planen lagt ut til offentlig ettersyn. Det vil da bli anledning til å komme med merknader og innsigelser mot planforslaget før vidare politisk behandling.

Info 
Webredaktør 29.09.2014 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]