Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Vellukka folkemøte om morgondagens omsorg!

Over 120 personar møtte til gode foredrag og diskusjon om omsorgsutfordringar i framtida i Sykkylven torsdag kveld.
Medarbeidarskap der mange aktørar deltek må til skal vi løyse morgondagens omsorgsbehov. Dette var ein av konklusjonane etter å ha høyrt fleire interessante innlegg om utfordringar, utviklingstrekk og mulegheiter innanfor omsorgssektoren. Bakgrunn for folkemøte var det faktum at Sykkylven om 12 år vil ha 500 fleire personar i aldersgruppa 67-79 år og etter 2024 vil kommunen oppleve sterk vekst i aldersgruppa over 80 år. Auka omsorgsbehov i framtida let seg ikkje løyse innanfor dagens modell. Nytenking må til, samarbeid mellom fleire aktørar blir viktig, og ikkje minst grep den enkelte kan gjere sjølv for å meistre livet lengst mogleg i eigen heim. 

Utfordringar og mulegheiter vart belyst gjennom interessante foredrag. Geir Johan Hansen frå KS-konsulent opna med generelle utviklingstrendar og analyse av Sykkylven sin situasjon no og framover. Frå Husbanken heldt Tommy Rønne  foredrag om deira verkemiddel og mulegheiter inn mot bustadsitasjonen, og Helene Berg frå  Ålesund kommune  gav ei  orientering om mulegheiter og utviklinga innanfor velferdsteknologi. 
Kvelden vart avslutta med ei enkel verkstadøkt, der dei oppmøtte dikuterte utvalde problemstillingar og utfordringar rundt borda. Svar frå denne økta vil bli brukt som innspel mellom anna i kommunen sitt arbeid med bustadsosial handlingsplan. 
Info 
Hoftun, Njell 03.10.2014 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]