Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Oppstartsvarsling av reguleringsendring for 76/4 m.fl.

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 varslar ein oppstart av privat reguleringsarbeid for gnr./bnr. 76/4 m.fl.: Endring av «Reguleringsplan for Bjørnevika/Oppsal» (15282014008). Forslagsstillar og grunneigar er Øystein Sandvik. Planarbeidet vert utarbeidd av Karlsen & Kvile AS.

Området er i «Kommuneplan Arealdelen 2013-2025» (15282013002) og «Reguleringsplan for Bjørnevika/Oppsal» (15282010002) utlagt til LNFR-område.

Formålet med planarbeidet er å legge til rette for etablering av to nye tomter for fritidsbustader. Plasseringa til desse tomta kan ein sjå på kart i vedlegg.

Oppstartsmøte vart halde 16.09.2014. I samråd med planmyndigheita i Sykkylven kommune har ein konkludert at det ikkje er nødvendig å utarbeide konsekvensutgreiing eller planprogram.

Oppstartsmeldinga kan ses på Sykkylven kommune sine nettsider, www.sykkylven.kommune (under Høyringsdokument og Planoversikt). Råka grunneigarar og naboar vert brevvarsla direkte.

Eventuelle synspunkt og merknader til planarbeidet sendast skriftleg til Karlsen & Kvile AS, Vatneeidet, 6265 VATNE, eventuelt e-post: firmapost@oppmaalingstjenester.no.

Merknadsfristen er 14. november 2014.

Info 
Webredaktør 22.10.2014 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]