Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kultur og fritid Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Fjøre til fjells - avslutning

¤EPII_TITLE¤ Fredag 24. oktober gjekk den 5. avslutningsfesten for deltakarane på «Frå fjøre til fjells 2014» føre seg på Sykkylven kulturhus. Over 300 personar møtte opp for å avslutte turorienteringa med sosial samling, kaker, lysbilete og den store premietrekkinga. Storsalen var smekkfull og stemninga stod i taket. Ei oppteljing viser at av dei 1011 personane som var registrerte deltakarar gjennom salet av turkort. Av desse var det 636 personar som hadde gått 6 turar eller meir og levert inn skjema og som dermed hadde vinnarsjansar.

Festen vart leia av folkehelsekoordinator Lars Petter Vemøy. Dei frammøtte fekk bl.a. høyre eit fint foredrag om Sykkylven Røde Kors ved Jon Ervik.

Sjork - Sykkylven Janitsjarorkester varta opp med sal av kaker, saft og kaffi.
Alle borna fekk smågodt frå Spar og refleks frå Sykkylven Energi.

Arrangementskomiteen vil gjerne takke sponsorane dette året:
Formfin Møbler – L.K. Hjelle – Stamina – Ålesund og Sunnmøre Turistforening – Spar og Sykkylven energi.

Vi vil også takke Intersport, Focus sport og Hardhaus for samarbeidet om sal av turkort.
Takk også til Sjork for hjelp med kafe og opprydding.

Sist men ikkje minst, takk til alle som kom på festen og til alle som deltok på

«Frå fjøre til fjells 2014».

Arrangementskomiteen ser fram til neste år og planlegging av nye turar.

Vinnarar av hovudpremiar og sponsorpremiar:

Det vart først trekt ut vinnarar av gåvekort. Deretter dei mange gevinstane , t.d. flasker, små sekkar, fiskestenger . Deretter vart det trekt ut vinnarar av 2 gåvekort gitt av ÅST og 2 gåvekort gitt av Stamina.

Gåvekort frå ÅST:
Eskil Schmidt Breivik
Sølvi Grebstad

Gåvekort Stamina :
Benedicte Solbjør
Aron Nydahl

Hovudtrekning:

Det vart det trekt ut vinnar av eit wiglo-telt og eit 3-manns fjelltelt. Vinnarane her var:

Wiglo telt : Elise Garte

3-manns fjelltelt: Karoline Spjut

Til slutt trekte vi ut vinnarar av 2 sponsorpremiar, gitt av bedriftene Formfin Møbler og L.K. Hjelle:

1 stol i svart hud, gitt av Formfin Møbler Vinnar:  Oddvar Liaskar

1 Siesta stol i svart hud, gitt av L.K. Hjelle Vinnar: Tordis Stang

Info 
Web Redaktør 27.10.2014 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]