Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Nabomøte om kommunereforma

¤EPII_TITLE¤ Ordføraren heldt denne veka eit nyttig møte med nabokommunar om det vidare arbeidet med kommunereforma.
Kommunanne har fått i oppdrag å starte ein prosess med tanke på ny kommunestruktur. Innan utgangen av året skal kommunestyra i fylket ha vedteke korleis prosessen skal gjennomførast i eigen kommune. Fylkesmannen oppmodar kommunane til ei viss samordning av desse prosessane.

På denne bakgrunn inviterte ordføraren i Sykkylven nabokommunane Stranda, Stordal og Norddal til eit ope nabomøte der ein kunne diskutere prosessane vidare. Møtet fokuserte på prosess. Prosessen i den enkelte kommune skal munne ut i eit vedtak i løpet av 2015.

Fylkesmannen og Sunnmøre Regionråd innleia i møtet. I høve ei mogleg regional sammordning av nokre hovudmilepælar, var møtelyden samd i at ein utfordra regionrådet til å vurdere dette.

Sykkylven kommune vil etter kvart legge ut informasjon om prosessen på heimesida. For informasjon om reforma kan det vere nyttig sjå til departementet sine eigne sider om kommunereforma, www.kommunereform.no   Fylkesmannen legg ut informasjon om reformprosessen i Møre og Romsdal på sine heimesider www.fmmr.no
Info 
Hoftun, Njell 12.11.2014 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]