Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Tekniske tenester Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Aksjon boligbrann 2014 og røykvarslardagen 1. desember

¤EPII_TITLE¤ Informasjonskampanje med besøk på dørene skjer fredagskveldane mellom kl. 18 og 20 frå og med 5. desember til og med 19. desember i området Vik, Vikedalen og Blindheim.

Aksjon bustadbrann er ein landsomfattande informasjonskampanje som blir arrangert av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, Gjensidige og Norsk brannvernforening. Den praktiske gjennomføringa lokalt er det Brannvernet, Sykkylven Energi og Elsikkerhet Møre som står for.

Målet for Aksjon bustadbrann er å sette fokus på branntryggleik i private heimar og sette fokus på røykvarslardagen 1. desember.

Det er ikkje tilfeldig at dette skjer i desember. Dette er normalt den verste brannmånaden i året og då ser vi ofte ein auke i talet på bustadbrannar.

Brann- og redningskorpset vil dei komande fredagane gå frå dør til dør for å informere om branntryggleik, dele ut informasjonsmateriell, sjekke røykvarslarar og eventuelt skifte batteri, samt sjå på sløkkemateriellet i bustaden. Aksjonen og besøket er ikkje meint som ein kontroll, men bidra til ei bevisstgjering rundt temaet branntryggleik. Dette er eit gratis tilbod og det er huseigaren sjølv som avgjer om dei vil ha besøk inn i heimane sine. I år har vi valgt ut området Vik, Vikedalen og Blindheim så langt vi rekk fredagskveldane mellom 5. og 19. desember.

På denne måten håper vi å sette fokus på kor viktig det er at røykvarslarane fungerar, at batteri vert skifta årleg og funksjonen vert kontrollert ofte - gjerne månadleg. Er ein godt dekt opp i bustaden med mange røykvarslarar får ein tidlig varsel. Sjølv midt på natta når alle ligg og søv, kan ein kome seg trygt ut dersom alarmen går. Ein vil også ha god sjanse til å sløkke eit tidleg branntilløp.

Informasjonskampanjen med besøk på døra skjer fredagskveldane mellom kl 18 og 20 frå og med 5. desember til og med 19. desember. Lokalt er det Sykkylven Gjensidige Trygdelag som støttar aksjonen med gratis røykvarslarbatteri.

Brannsjefen

Info 
Web Redaktør 03.12.2014 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]