Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Pressemelding - Legetenesta i Sykkylven kommune

¤EPII_TITLE¤ Ei god legeteneste er viktig for tryggleiken og helsa til kommunen sine innbyggarar. Det er difor avgjerande at kommunen sikrar god styring og kontroll med desse viktige kommunale kjerneoppgåvene, uttalar rådmann May-Helen Molvær Grimstad.

Kommunerevisjonen har hatt ein forvaltningsrevisjon «Forvaltning, kapasitet og samarbeid innan legetenesta i Sykkylven kommune». I rapporten blir det peika på utfordringar med dagens forvaltning. Kommunen vil no gå grundig igjennom rapporten som revisjonen har lagt fram. Vi er opptatt av å ha ei god forvaltning og kontroll med tenestetilbodet, uttalar rådmannen.

Sykkylven kommune ønskjer å sikre innbyggarane gode legetenester. Vi har behov for fleire fastlegar, noko også nyleg framlagd revisjonsrapport peikar på. Kommunen har nyleg lyst ut ein ledig heimel for fastlege.

Den gjeldande driftsavtalen med legesenteret er sagt opp med verknad frå 01.07.15. Vi arbeider med ein gjennomgang av legetilbodet og er i dialog med legane i kommunen.


Sykkylven 11.12.14

Info 
Web Redaktør 12.12.2014 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]