Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Arbeidsmiljøprisen 2014

¤EPII_TITLE¤ Sykkylven kommune sin arbeidsmiljøpris for 2014 gjekk til Krikane bustader, i Bu- og rehabiliteringstenestene.
Det var under kommunestyret sitt møte den 15.12. at ordføraren delte ut Sykkylven kommune sin første arbeidsmiljøpris.

Juryen for prisen er Arbeidsmiljøutvalet, og alle tilsette kan fremje forslag om prisen. Denne gongen kom det inn fem forslag på ialt fire kandidatar. Det var forslag om både enkeltperson, eining, avdeling og anna gruppering.

Krikane bustader fekk prisen for sitt langvarige arbeid med fokus på HMS. God tilrettelegging til det beste for både brukarane og for dei tilsette i høve til førebygging og slitasje. Eit sterkt arbeidssmiljøfokus som involverer både arbeidskollegiet, brukarar og pårørande, der resultatet er ei stabil personalgruppe, høg trivsel og relativt lavt sjukefråvær.

Det var Anne Kari Nordstrand og Irene Hovet som tok i mot prisen på vegne av personalgruppa, saman med Anita Kjersheim som tidlegare har vore aktivt med i dette arbeidet.
Info 
Skjeret, Torill Olin 16.12.2014 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]