Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Skular Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Unge matematikarar blant dei beste i landet

¤EPII_TITLE¤ 9B ved Sykkylven ungdomsskule er fylkets beste niandeklasse i matematikk! I april reiser ein heldig og spent kvartett til Oslo for å representere klassen under den nasjonale finalen i UngeAbel 2014-15!

Linjalar og blyantar, kalkulatorar og passarar går varme idet fire ivrige femtenåringar diskuterer grafar og bokstavar, tal og rutenett i ei (tilsynelatande) kaotisk rekkefølgje. No er det om å gjere for Thea Lønvik, Hannah D. Bueide, Hermann Erga Furland og Erik Erstad Sørgård å spisse forma inn mot landsfinalen i slutten av april. Dei og resten av 9B har alt vore gjennom to krevjande innleiande rundar.

Kjekt!

Og i ei tid då dei lærde diskuterer korleis ein skal få opp matteinteressa hos den yngre generasjonen, er det lite å utsette på motivasjonen for dei fire håpefulle matematikarane som no sit bøygde i djup konsentrasjon over bøkene.

- Eg synes matte er utruleg kjekt, seier Thea. Eigentleg er ho altetande innan mattefeltet, men vedgår at det er oppgåver som går på problemløysing som får hjartet til å slå hardast – og då gjerne viss det er subtraksjon med i biletet. Hannah deler entusiasmen:

- Einig, det er moro når det ikkje er heilt klart korleis vi skal gå fram for å finne løysinga, når vi må gruble og diskutere!

Og med eit slikt utgangspunkt, er dei fire partnarane frå 9B i sitt rette element når dei no tek del i UngeAbel. Lærar Diana Overøye forklarer nemleg at nettopp problemløysing er i fokus i denne matematikkonkurransen.

«Utanfor boksen»

- Det er viktig å lære dei unge til å tenke «utanfor boksen» - få dei til å bevege seg inn i eit landskap der ein ikkje berre løyser oppgåvene instrumentelt etter ferdiglaga oppskrifter. Slik blir mattefaget også uendeleg mykje meir spennande, seier Overøye. Ho kan ikkje love at ho ikkje kjem til å bite neglar når «hennar» fire håpefulle er i gang under landsfinalen.

Dei fire som skal forsvare Sykkylven ungdomsskule si ære i Oslo, er nøye med å understreke at dei er klassens utsendingar. Heile 9B har nemleg vore med på dei innleiande rundane, og resten av kollektivet har sin store del av æra for at dei gjekk til topps i fylket.

Nordisk finale?

Bak konkurransen UngeAbel står Landslaget for Matematikkundervisning i Skolen, og det er altså fylkesvinnarar frå heile landet som set kvarandre stemne i Oslo i april. Vinnarlaget der skal ta del i den nordiske finalen i Trondheim i mai. Konkurransen blir knivskarp mot lag frå Island, Sverige, Finland og Danmark. Om 9B frå Sykkylven kjem seg heilt dit, er underordna. Dei har alt vist at dei er blant landets beste niandeklasser i matematikk!

På spørsmål om dei skal treffe den berømte matematikaren Abel som har lånt namnet sitt til den konkurransen, kjem svaret kontant:

- Nei, han er død!

Men matematikken lever!

Nils Einar Rye

Ved pulten
Fotograf: Arne Furland

Fire hjerner tenker betre enn ei! Ikkje noko problem er for stort når f.v. Thea Lønvik, Hannah Djupvik Bueide, Erik Erstad Sørgård og Hermann Eiga Furland slår saman hjernene sin i møte med nye gåter frå det matematiske universet!

Info 
Web Redaktør 30.01.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]