Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Kunngjering om vedtak av Detaljreguleringsplan for FT4 ved Nysætervatnet (29/21 og 29/22)

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 vert det kunngjort at kommunestyret i møte den 09.02.2015, saksnr. PS 7/15, eigengodkjente Detaljregulering for FT4 ved Nysætervatnet (plan-ID 15282014006).

¤EPII_TITLE¤

Planen legg til rette for etablering av utleigehytter i FT4 ned mot Nysætervatnet. Området mellom hyttene og kommunevegen vert trafikkareal med parkering og tilkomst. I LNFR-område mellom utleigehytter og Nysætervatnet er ein skiløypetrase planlagt. Planområdet er på samla cirka 12 daa. Meir informasjon om planframlegget er i vedlegg.

Dokument frå kommunestyremøtet kan ein sjå her.

Den, som er part eller har rettslege klageinteresser, kan jamfør plan- og bygningslova § 12-12, 3. ledd klage på vedtak om eigengodkjenning av reguleringsplan til Fylkesmannen.
Klagefristen er etter forvaltningslova § 29 tre veker frå denne kunngjeringa.
Eventuell klage skal sendast til Sykkylven kommune, Rådhuset, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven, eventuelt som e-post til
postmottak@sykkylven.kommune.no.

Reguleringsplanen fastset framtidig arealbruk i området, og er bindande for nye tiltak og utviding av eksisterande tiltak, jamfør plan- og bygningslova § 12-4.

Info 
Webredaktør 13.02.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]