Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Næringsliv og kommunereform

¤EPII_TITLE¤ Sykkylven kommune inviterer til næringslivsmøte om kommunereforma tirsdag 3.mars kl 19.00 på kulturhuset!

Kommunereform-prosessen er i gang over det ganske land. I løpet av 2015 skal kommunane utgreie ulike alternativ. Det skal leggast vekt på stor grad av medverknad i denne fasen. I 2016 skal kommunestyret gjere vedtak om framtidig kommuneorganisering.  
Sykkylven kommunestyre har vedteke at dei ynskjer å utgreie tre alternativ:

- Ein storkommune på nordre Sunnmøre (11 kommunar inkl. Ålesund)
- Ein mindre kommune på indre Sunnmøre (Stranda, Stordal, Norddal og evt. Ørskog)
- Sykkylven uendra som i dag.

Som ein del av prosessen ynskjer vi å sette fokus på næringslivet sine behov og utfordringar sett i lys av ei mogleg kommunesamanslåing.
Korleis ser næringane på endra kommunestruktur? Kan endra kommunestruktur gi nye mulegheiter? Vil det reise nye utfordringar og moglege truslar?
Kva kunnskap treng vi for å ivareta næringslivet sine interesser?

Spørsmåla er mange, og viktige å belyse, og vi ynskjer særleg å å få næringslivet sjølv i tale  i den prosessen vi skal gjennom.

Sykkylven kommune inviterer derfor til næringslivsmøte om kommunereforma

Tirsdag 3.mars kl 19.00 på Kulturhuset


NB - Det vert arrangert eit ope folkemøte om reforma 17.mars kl 18.00 på Kulturhuset. Folkemøte vil ha ei breiare tilnærming til reforma. Nærare kunngjering om dette kjem seinare, men merk deg tid og dag om du er interessert i kommunereforma.

Info 
Web Redaktør 24.02.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]