Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kultur og fritid Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi til høyring og offentleg ettersyn

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal vedtok i møte den 23.02.2015, sak FU-14/15, med heimel i Plan- og bygningslova §§ 5-2 og 8-3 å legge framlegg til Regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi til andre gongs høyring og offentleg ettersyn. Høyringsfristen er sett til 15.april 2015.

Etter høyringsperioden og handsaming av høyringsinnspel skal planforslaget leggast fram for vedtak i fylkestinget i juni.

Planen sitt føremål

Hovudføremålet med planen er å utvikle strategier for forvaltning, formidling og bruk av kulturarven i Møre og Romsdal som flest mogleg er samde om.

Eit viktig mål med planen er ei oversikt over kulturminne og kulturmiljø frå nyare tid som har regional og nasjonal verdi og lage mål for korleis dei kan takast vare på. Ei slik oversikt vil gjere fylkeskommunen si forvaltning og fagansvar meir føreseieleg og vil fungere som eit grunnlag for prioriteringar av vernetiltak og restaureringsarbeid.

Hovudinnhald i planen

Regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi har fokus på tema som fylkeskommunen, kommunane, statlege og friviljuge aktørar på regionalt nivå har verkemiddel til å gjere noko med. Ein har også forslag til forbetringar i samarbeidet og samhandlinga med statlege instansar.

Det blir gitt innspel til Riksantikvaren sitt arbeid med fredingsstrategien som skal resultere i ei supplering av fredingslista slik at den betre kan spegle nasjonen si kulturhistorie. Vi foreslår 38 ulike kulturminne og kulturmiljø i tillegg til “Den Trondhjemske postvei” frå nyare tid som vi meiner har nasjonal verdi.

Viktig fokus er som nemnt å gjere kulturminnevernet på regionalt nivå meir føreseieleg og løfte fram ei gruppe kulturminne som har regional verdi og dermed er viktigare enn andre. Listene i forslaget innheld 692 ulike kulturminne og kulturmiljø av regional verdi. Av desse er det 591 som pr. i dag ikkje har noko formelt vern, men som vi foreslår bør få det.

Regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi skal følgjast opp gjennom årlege handlingsprogram.

Les/ last ned høyringsutkastet til Regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi her: http://mrfylke.no/medverknad

Kontaktpersonar:

Jens Peter Ringstad
Bjørn Ringstad
Heidi-Iren Wedlog Olsen

Info 
Web Redaktør 26.02.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]