Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Kunngjering om vedtak av Detaljregulering for Nyheim bustadfelt, B2 (7/44)

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 eigengodkjente kommunestyret i møte den 16.03.15, saksnr. PS 14/15, Detaljregulering for Nyheim boligfelt, B2 - gnr./bnr. 7/44.
¤EPII_TITLE¤

Planen legg til rette for eit område med frittliggande bustadbygg, konsentrert bustadbygg, uteopphaldsområde for bebuarar og leikeplass for barn og unge. Samla legg ein til rette for maksimalt 19 nye bustadeiningar.

Protokoll til kommunestyremøtet kan ein sjå her.

Den, som er part eller har rettslege klageinteresser, kan jamfør plan- og bygningslova § 12-12, 3. ledd klage på vedtak om eigengodkjenning av reguleringsplan til Fylkesmannen.
Klagefristen er etter forvaltningslova § 29 tre veker frå denne kunngjeringa 23.3.15.
Eventuell klage skal sendast til Sykkylven kommune, Rådhuset, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven, eventuelt som e-post til
postmottak@sykkylven.kommune.no seinast måndag 13.4.15.

Eventuelle krav om erstatning og eller innløysing må fremjast innan 3 – tre – år frå denne kunngjeringa av vedtaket, etter plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3. Eventuelle krav må fremjast skriftleg for Sykkylven kommune.

Reguleringsplanen fastset framtidig arealbruk i området, og er bindande for nye tiltak og utviding av eksisterande tiltak, jamfør plan- og bygningslova § 12-4.

Info 
Webredaktør 26.03.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]