Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Søk tilskot til SMIL og drenering

¤EPII_TITLE¤ Sykkylven kommune har i år 200 000 kroner i SMIL-midlar til tiltak innan landbruket. Formålet med tilskotsordninga er å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og redusere forureininga ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift. Når det gjeld drenering har Sykkylven kommune fått tildelt kr 130 000 for 2015. Tilskot til drenering kan gjevast for jordbruksjord som tidlegare er drenert. For begge tilskotsordningane er søknadsfristen 15. april 2015.
Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Søknaden skal vere på fastsett skjema.  Skjema får du på Servicetorget, på Landbrukskontoret, eller du hentar det på nettet (Søknadsskjema SMIL). På Sykkylven kommune si heimeside kan du få nærare informasjon om SMIL-ordninga, sjå: Spesielle miljøtiltak i jordbruket. Her ligg og søknadsskjema og tiltaksstrategien for Sykkylven. Treng du hjelp, ta kontakt med Landbrukskontoret. 

Nytt frå i år er at søkjaren må oppfylle krava i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i landbruket §§ 2 og 4 (grunnvilkår og inngrep i kulturlandskapet). Søkjar må vidare oppfylle krava i forskrift om gjødslingsplanlegging og forskrift om plantevernmiddel § 18 (sprøytejournal).

Forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket 
Forskrift om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket

Tilskot til drenering av jordbruksjord

Søknadsskjemaet finn du her. Du kan også få skjemaet på Servicetorget eller på Landbrukskontoret. Søknaden må innehalde: (1) plan for drenering av arealet og (2) kart der dreneringsarealet er teikna inn. Kjende automatisk freda kulturminne og eventuelle biologiske verdiar skal vere avmerka på kartet.

Både eigar av jordbruksjord og leigar av jordbruksjord kan søkje kommunen om tilskot. Tilskotet omfattar berre areal som tidligare har vore grøfta. Ofte vil gamle grøfter og grøfteutløp m.m. vere synlege. Dersom det er tvil om at arealet tidligare har vore grøfta, må eigar/søkjar dokumentere dette. Aktuell dokumentasjon kan til dømes vere tidlegare grøfteplanar, tilskotbrev om grøfting med grøftekart eller relevant faktura. Anna dokumentasjon kan vere stadfesting av entreprenør eller andre personar, t.d. foto som viser effekt av gamle grøfter, osv.

Tilskotet utgjer kr 1000 per daa ved systematisk grøfting, og kr 15 per løpemeter grøft ved anna grøfting, dvs. avskjeringsgrøfter og (tilfeldige) grøfter for å drenere mindre parti på jordet. Også i desse tilfella skal tilskotet avgrensast til kr 1000 per daa berørt areal. Berekna tilskot under kr 3000 vert ikkje utbetalt.

Meir informasjon finn du her:

Landbruksdirektoratet
Forskrift om tilskot til drenering av jordbruksjord
Sykkylven kommune - tilskot til drenering av jordbruksjord

Ved spørsmål, ta kontakt med Landbrukskontoret.

Kontaktpersonar:

Karl Johan Stadsnes, tlf.  70 24 67 05
Mandy  Häger, tlf. 70 24 67 10
Info 
Web Redaktør 08.04.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]