Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Stor interesse for kommunereforma!

¤EPII_TITLE¤ Meiningane var mange i debatten om framtida for Sykkylven kommune då det vart halde folkemøte om reforma!  

Omlag 80 personar møtte då kommunen heldt folkemøte om kommunereforma tidlegare denne veka.  Det var godt engasjement og mange i salen ytra si meining. Meiningane gjekk i ulike retningar, det var klare motstandarar av samanslåing, andre såg innover mot Stranda medan andre igjen såg største fordelane med ein storkommune som også femna om Ålesund. 

Kommunestyret ynskjer å utgreie tre alternativ; Sykkylven som no, eit samarbeid innover med Stranda, Norddal og Stordal, og kommunen deltek i utgreiinga av ein storkommune på nordre Sunnmøre.

Kommunane er no inne i utgreiingsfasa og skal skaffe fram mest muleg kunnskap om konsekvensane og mulegheitene som ligg i dei ulike alternativa. Nytt kommunestyre skal gjere det endelege valet i løpet av første halvår 2016.

I løpet av prosessen vil det bli fleire folkemøter, og ein reknar og med å gjennomføre innbyggarundersøking om dette viktige tema.
 
Info 
Web Redaktør 17.04.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]