Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Ungdom tenkjer at Sykkylven er bra som bygda er!

¤EPII_TITLE¤ I samband med kommunereforma er det gjennomført ei spørjeundersøking blant elevar på Sykkylven vidaregåande skule om oppvekst, om kor knytt ein er til bygda  og om kommunereforma. 
 
Sykkylven vidaregåande skule og Sykkylven kommune har samarbeidt om ei elevundersøking om oppvekst, om ein føler at ein høyrer til og om kommunereforma.

Undersøkinga hadde to formål: informere og spreie kunnskap om kommunereforma, og få meir kunnskap om ungdomane sine meiningar.

Undersøkinga tok føre seg ulike sider ved det å bu og vekse opp i Sykkylven, og korleis ungdom brukar eigen kommune og tilbod utanfor kommunen.

Omlag 200 elevar deltok. Desse veit no litt meir om reforma, og vi har fått nyttig informasjon til bruk i fleire samanhengar.

Generelt ser det ut til at ungdomen synest  det er både trygt og godt å vekse opp i Sykkylven. Vi bur nær byen, noko som pregar både handelsvanar og fritidsvanar. Ikkje uventa er det fleire som kan tenkje seg å busette seg i ein by, meir enn i heimkommunen, men mange er usikre og svarer kanskje eller veit ikkje.

Om kommunesamanslåing, svarar omlag halvparten at Sykkylven kan vere som i dag.  32% går for regionkommunen, medan 16% vil sjå innover mot Stranda.

Info 
Web Redaktør 15.05.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Relaterte - alle gruppert [2] 
Rediger 
Uten navn [4]