Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Val 2015 Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Har du lyst å hjelpe til valdagen 2015 ?

¤EPII_TITLE¤

Røystestyra treng fleire medhjelparar.

Denne hausten er det kommunestyre- og fylkestingsval, sjølve valdagen er 14. september

I Sykkylven er det tre valkrinsar, Aure, Tandstad og Sørestranda. For å gjennomføre valet må det vere eit røystestyre i kvar valkrins. Røystestyre har behov for fleire valfunksjonærar.

Som valfunksjonær skal du, saman med røystestyre, sørge for at valavvikling vert gjennomført i samsvar med reglane i vallova.

Du kan ikkje stå på valliste til kommune- eller fylkestingsvalet i 2015 dersom du ynskjer å vere valfunksjonær.

Vi håper innbyggjarane har lyst til å engasjere seg og er nysgjerrig på korleis lokalval går føre seg. Dette er ein viktig jobb for lokaldemokratiet.

Døme på oppgåver til valfunksjonærane:

Krysse av i manntal, stemple røystesetlar og påsjå at veljarane legg røystesetelen i valurna. Vidare skal dei rettleie veljarane i vallokalet og sørge for ro og orden der. Valfunksjonærane kan og vere med på oppteljing av røystesetlar når vallokala stenger mandag 14. september.

For valfunksjonærar vert det utbetalt godtgjering etter reglement for politisk valgte.

Syns du dette verkar interessant, ta kontakt med oss anten på e-post eller telefon. Svarfrist05.juni 

Elisabeth.opsvik@sykkylven.kommune.no - tlf 70 24 65 00

Synnove.hunnes@sykkylven.kommune.no - tlf 90 14 02 82

Info 
Web Redaktør 29.05.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]