Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Nytt nasjonalt legevaktnummer 116117

¤EPII_TITLE¤ Frå 1. september får legevakta same nummer over heile landet.

116117 (uttalast: hundreogseksten-hundreogsytten).
Du vil  kome til næraste legevakta uansett kvar i Norge du ringjer frå. 
Nummeret fungerer både frå fasttelefon og mobiltelefon.

Oppgåvefordeling mellom fastlege og legevakt vert ikkje endra.
Legevakta skal berre nyttast til å dekkje øyeblikkeleg hjelp som ikkje kan handterast av eigen fastlege.

Det gamle nummeret til legevaktsentralen, tlf. 70 25 34 00, vil fungere som før.
Det kan nyttast dersom ein ønskjer å nå ei annan legevakt enn der ein oppheld seg. Dette kan vere nødvendig til dømes om ein ringjer for eit sjukt familiemedlem som oppheld seg i ein annan kommune.

Ring først!
Legevakta er open for telefonkontakt heile døgnet.
Det er i dei fleste tilfelle best at du ringjer på førehand for å få ei vurdering av situasjonen og tilbod om relevant hjelp.


Når du treng legehjelp - kven skal du ringje?

- Fastlegen
din i opningstida

- Legevakta 116117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelp ikkje kan vente

- 113 når det er akutt og står om liv


(24.8.2015)
Info 
Web Redaktør 31.08.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Relaterte - alle gruppert [2] 
Rediger 
Uten navn [4]