Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Husk søknadsfrist for produksjonstilskot og regionalt miljøprogram

¤EPII_TITLE¤ Den 20. august 2015 er det ny frist for å søkje om produksjonstilskot i jordbruket og regionalt miljøprogram (RMP).
Leverer du søknaden for seint, vil tilskotet blir redusert med 1 000 kroner for kvar dag etter fristen.
Produksjonstilskot: 

Ny søknadsomgang for produksjonstilskot er like om hjørnet. Husk at søknadsskjema og rettleiingshefte ikkje lenger blir sendt ut med posten. Vi oppmodar difor alle til å søkje elektronisk. For å logge deg inn på Altinn, må du anten bruke BankID, MinID eller Buypass. Det er ikkje lenger muleg å bruke eingangskode frå Altinnbrev. Meir informasjon om dei ulike innloggingsmetodane finn du på nettsida til Difi: www.difi.no/elektronisk-id. Statens landbruksforvaltning har laga to rettleiingsfilmar som skal vise korleis du søkjar elektronisk. Filmane finn du her: https://www.slf.dep.no/no/produksjon-og-marked/produksjonstilskudd/hvordan-soke

Meir informasjon om søknadsomgangen finn du her:
-
Statens landbruksdirektorat
- Informasjonsside, Sykkylven kommune

Regionalt miljøprgram:

Miljøprogrammet for Møre og Romsdal er oppdatert for 2015. Ny forskrift om produksjonstilskot frå 01.01.2015 førte til justering av forskrifta for miljøtilskot.

Endringar:

  • Alle fellesreglar i forskrifta er harmonisert med forskrift om produksjonstilskot
  • Forskrift om miljøplan er oppheva, men miljøkrava er vidareførte som grunnvilkår i den nye forskrifta. Dette inneber at kravet om å ha miljøplan for å få miljøtilskot fell bort. I staden må søkjaren krysse av for gjødselplan og sprøytejournal, når det er aktuelt for dei tilskota føretaket søkjer på.
  • Skjøtsel av kystlynghei er gjort om til eit arealtilskot, som kan gjevast dersom føretaket har inngått skjøtselavtale med Fylkesmannen, Miljøvernavdelinga
  • Tilskot til utsett jordarbeiding av kornareal og eittårig raigras er utsett i påvente av at erosjonsrisikoen langs vassdrag skal bli vurdert.


Meir informasjon om Regionalt miljøprogram finn du her:
- Statens landbruksdirektorat
- Fylkesmannen i Møre og Romsdal
- Informasjonsside, Sykkylven kommune

Info 
Web Redaktør 05.08.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Relaterte - alle gruppert [2] 
Rediger 
Uten navn [4]