Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Eigedomsskatt - endra takst landbrukseigedomar

¤EPII_TITLE¤

Då takstnemnda la grunnlaget for taksering av bygningar på landbrukseigedomar, vart det teke slikt utgangspunkt:

1. Bygning/bygningar med 1 dekar tomt.

2. Privatrettslege avtalar som kan påverke verdet av eigedomen skal sjåast bort frå, jf Rt 1994 s 333.

3. Offentlegrettslege band på råderetten skal sjåast bort frå, jf Rt 1999 s 192

Privatrettslege avtalar vil til vanleg vere tinglyst burett. Offentlegrettslege band på råderetten vil til vanleg vere delingsforbod og konsesjonsplikt.

Takseringa som er gjort er dermed fullt ut i samsvar med det som er fastlege i ymse rettsavgjerder.

Nemnda var ikkje kjend med ein uttale frå Finansdepartementet. Denne gjekk i motsett retning:

Departementet antar at det ved fastsettelse av eiendomsskattegrunnlaget for våningshus med naturlig arrondert tomt på gårdsbruk skal tas hensyn til delingsforbud og konsesjonsplikt…… Departementet understreker at det kun tas stilling til tilfeller der våningshus med en naturlig arrondert tomt er underlagt både delingsforbud og konsesjonsplikt.

Mange kommunar held fram med å taksere våningshus på same måte som annan bustadeigedom, mens nokre kommunar tar omsyn til konsesjonsplikt og delingsforbod, jf finansdeptets uttale.

Takstnemnda har av eige tiltak vedteke å ta alle eigedomar underlagt både delingsforbod og konsesjonsplikt opp til ny behandling, og har redusert takstane – og dermed eigedomsskatten – med 50 prosent. (Endringa skjer dermed også for dei som ikkje har klaga på taksten). Landbrukseigedomar med berre delingsforbod får ein reduksjon på 20 prosent.

Faktura for eigedomsskatt vert sendt ut i slutten av denne månaden. Her vil ny takst gå fram, og ny takst vil danne grunnlag for utskriven skatt.

Info 
Web Redaktør 14.08.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]