Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Jubileumsgåve til tilsette for 25 års tenestetid i Sykkylven kommune

¤EPII_TITLE¤

På kommunestyret måndag 7. september delte ordførar Petter Lyshol ut jubileumsgåve til tilsette som har hatt 25 års tenestetid i kommunen. Desse er Herdis Ekornes Johannessen, Sylvi Irene Moe, Solveig Lorentzen, Manuel Navarro og Liv Hammernes Haram. Liv Hammernes Haram hadde ikkje høve til å delta på utdelinga.

 

Rådmann May-Helen Molvær Grimstad las nokre ord om kvar av dei tilsette for dei som var til stades på kommunestyremøtet: 

Herdis Ekornes Johannessen, assistent:
Ho har arbeidd barnehage i heile si yrkesaktive karriere i Sykkylven kommune, først som assistent i tidlegare Sykkylven barnehage frå 1989 (privat) og vart med over til då barnehagen i 1991 vart overteken av Sykkylven kommune og vart heitande Ullavik barnehage.

Sylvi Irene Moe, aktivitør:
Ho begynte som miljøarbeidar i butenestene i 1989 og jobba der fram til 2002. Då fekk ho jobb i barnehage og har jobba i ulike kommunale barnehagar sidan då. Ho er no tilsett ved Blakstad barnehage.

Solveig Lorentzen, hjelpepleiar:
Ho har jobba innanfor pleie og omsorg og helsevesenet i Sykkylven kommune, både på BUAS (tidl. Sykkylven sjukheim), på legekontoret, ein kort periode i fellestenestene før ho gjekk tilbake til pleie og omsorg og heimetenestene, der ho no jobbar som nattevakt.

Manuel Navarro, sekretær:
Han har jobba som sekretær på Sykkylven bibliotek sidan 1989. I ein periode var han også tilsett som helgevakt i butenestene (2008 – 2011), men slutta der når han fekk full stilling på biblioteket i 2011.

Liv Hammernes Haram, adjunkt:
Har arbeidd i skuleverket i Sykkylven sidan 1.8. 1989. Ho har arbeidd som lærar, adjunkt og inspektør (i 19 av åra) , men har no, etter eige ønskje gått tilbake til rein undervisningsstilling. Ho arbeider no ved Vik skule.

Info 
Web Redaktør 08.09.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]