Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Landbruk og Miljø Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Inspirasjonskveld med humørbonden Geir Styve

¤EPII_TITLE¤ Prosjektet "Med hjarte for levande bygder" inviterer til ein inspirerande kveld med humørbonden Geir Styve.  
Tid: 21. september 2015, kl. 20:00. Stad: Storfjord kulturhus.
Humørbonden Geir Styve kjem frå Humørbygda Hjelmås i Hordaland. Han tok tittelen “humørbonde” i 2003, og er ein stadig meir etterspurt kurshaldar og inspirator.
Grunnen til at han fann opp namnet Humørbonden var at han var lei av den stadige bruken av ordet "sutrebonde" i media, og vart inspirert av Werner Finck sin definisjon av ordet "humør" – som per definisjon betyr
"å overvinne fortviling med muntre midlar".

Humørbonden er oppteken av å mobilisere bygdene og å skape betre bygder. Han ønskjer å kverke bygdedyret og fortel korleis ein kan realisere idear.

Påmelding til
mandy.hager@sykkylven.kommune.no eller på tlf. 70 24 67 10 innan 17. september 2015.

Føredraget er gratis. Enkel servering.

Rekrutteringsprosjektet «Med hjarte for levande bygder» er eit samarbeidsprosjekt mellom Sykkylven, Stranda og Norddal kommune.
Formålet med prosjektet er å styrke rekrutteringa til landbruket i Sykkylven, Stranda og Norddal kommune.  

Fullstendig invitasjon:
Invitasjon - Humørbonden
Info 
Web Redaktør 11.09.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]