Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Resirkuler og redd regnskogen

¤EPII_TITLE¤ I samband med TV-aksjonen 2015 har ÅRIM i samarbeid med Elretur starta ein kampanje

For kvar kilo elektrisk og elektronisk avfall innbyggjarane i ÅRIM leverer på miljøstasjonane frå måndag 12. til laurdag 17. oktober, gir vi to kroner til TV-aksjonen.

Miljøstasjonen på Jarnes er open tysdag og torsdag kl. 12.00 - 19.00.

Meir informasjon om TV-aksjonen finn de på www.blimed.no

Resirkuler og redd regnskogen!

Din mobiltelefon er avhengig av mange sjeldne metall for å virke. Metalla kjem frå gruver i regnskogen, som er i stor fare. Dette angår også oss på Sunnmøre. Når du leverer din gamle telefon til miljøselskapet ÅRIM, sørgar dei for at alt som kan gjenvinnast blir gjenvunne.

- Smarttelefonane våre er full av sjeldne metall. Når du leverer gamle radioar, lyspærer og telefonar, bruker vi metalla på ny i staden for at det må utvinnast nytt metall frå regnskogen, seier Øystein Solevåg dagleg leiar i ÅRIM.

- Vår aukande etterspørsel etter elektronikk er ein av dei største grunnane til at regnskogen blir hogd ned.

TV-aksjonen får pengar for det elektroniske avfallet du leverer til ÅRIM sine miljøstasjonar i perioden 12.-17. oktober. For kvar kilo elektrisk avfall du leverer, får TV-aksjonen ei krone frå Elretur og ei krone frå ÅRIM.

- Vi seier at dine elektriske artiklar er dei nye gruvene. Difor er det så viktig at du leverer alle gamle elektriske gjenstandar til oss, ikkje i restavfallsdunken. Avfallet er fullt av viktige ressursar.

Øystein Solevåg arbeider for årets TV-aksjon, både fordi han er svært miljøengasjert, og fordi innsamlingsaksjonen er relevant for det daglege arbeidet i ÅRIM.

- For meg er samanhengen mellom gjenvinning og å forhindre meir skade på regnskogen heilt klar.

- Vi har også tilsette på ein av miljøstasjonane til ÅRIM som kjem frå regnskogen. At denne aksjonen angår oss alle, blir difor ekstra tydeleg for oss, seier Solevåg

Årets TV-aksjon er søndag 18. oktober og går til Regnskogsfondet. ÅRIM oppfordrar alle til å levere mest mogleg elektrisk og elektronisk avfall i dagane som kjem, og minner om å hugse miljøstasjonkortet sitt. Opningstider finn du på www.arim.no


Årim - tvaksjon - ill.bilete
Fotograf: Årim

Info 
Web Redaktør 08.10.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]