Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kultur og fritid Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Handle rett - samtale om mat og meining, mellom forfattar Siri Helle og økobonde Ida Østvold

¤EPII_TITLE¤ Tirsdag 27. oktober kl. 20 arrangerer Bonde - småbrukarlaget i Sykkylven i samarbeid med Spiren andelslandbruk og Sykkylven bibliotek eit møte om mat på biblioteket.

Siri Helle er agronom frå Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland. Ho jobbar som journalist og skribent i avisa Dag og Tid.Her skriv ho mykje om mat og jordbruk. Ho er oppteken av mat og helse, rettferd, ressursutnytting og framtida. Ho har skrive bøkene " Handle rett- lure val i ei matbransje full av juks" og "Skal landet gro att?- korleis redde norsk jordbruk". Siri Helle har fått Melsomprisen for boka "Handle rett-lure val i ein matbransje full av juks"

Ida Østvold er også agronom frå same skulen. Saman med kjærasten driv ho ein økologisk gard i Valdres med mjølkeproduksjon. Ho har dyra på støl om sommaren, og ystar ost av all mjølka.
I tillegg driv ho sommarkafe i ei grindløe ved stølen. Ho er svært opptatt av rein, sunn mat.

Dette er unge jenter som trur på at maten kan produserast på ein annan måte enn ved stordrift og kjemisk hjelp. Samtalen "Handle rett" tek for seg maten vi møter i daglegvarebutikkane våre.
Kva fortel den oss? Kva sit vi att med når vi nyttar stadig mindre tid og pengar på mat? Vi må ha mat. Vi kan produsere, handle og og ete mat som er rett for oss, rett for jorda og for verda - eller vi kan lene oss på ein destruktiv og øydeleggjande matproduksjon.Kva må til for å velje rett? Det kan vere lettare enn du trur - på alle moglege måtar.

Vi opnar for debatt om desse spørsmåla, både forbrukarar, matinteresserte og bønder er velkomne.

Info 
Web Redaktør 22.10.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]