Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

SPØRJEUNDERSØKINGAR

¤EPII_TITLE¤ To spørjeundersøkingar blir sendt ut i desse dagar: Innbyggarundersøking og kommunereform
Sykkylven kommune gjennomfører no:

INNBYGGARUNDERSØKING - spørsmål om kommunen og kommunale tenester.
Undersøkinga er viktig for å kunne betre kvaliteten på kommunale tenester. Same undersøking vart gjennomført i 2011. Undersøkinga er ei sandardisert undersøking som vert gjennomført av mange kommunar i landet. Slik kan vi sjå utvikling over tid, og samanlikne oss med andre.  Rapport frå 2011-undersøkinga finn du her.

KOMMUNEREFORMA - Spørsmål om haldning til reforma og ulike alternativ for Sykkylven.
Sunnmøre regionråd har nyleg gjennomført telefonspørsmål  på same undersøkinga. Dette er ei eiga  undersøking som femnar om heile nordre Sunnmøre. Er du trekt ut til begge undersøkingane, er det viktig at du også svarar på begge. Informasjon om reforma finn du under eigen logo på heimesida. 

Medverknad er viktig for å utvikle kommunen, og innbyggarane sine synspunkt skal takast på alvor. 
Vi ber derfor om at du som er trekt ut tek deg tid til å svare på begge undersøkingane.

Til undersøkingane er det trekt ut eit tilfeldig utval på 1750 personar over 18 år. Alle svarar anonymt.

Svarfrist for  undersøkingane er 15.november 2015.

Hjelp oss å bli betre.  Ditt svar er viktig!
Info 
Web Redaktør 02.11.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]