Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Husk søknadsfrist for produksjonstilskot i jordbruket, 20.01.2016

¤EPII_TITLE¤ Ny søknadsomgang for produksjonstilskot er like om hjørnet. Du kan registrere søknaden din i Altinn frå og med 01.01.2016. Vi oppmodar alle om å søkje elektronisk.

For å logge deg inn på Altinn må du anten bruke BankID, MinID eller Buypass. Husk at det ikkje lenger er mogleg å bruke eingongskode frå Altinnbrev.

Rettleiingshefte, rundskriv og anna nyttig informasjon finn du på Landbruksdirektoratet sine nettside. Vi ber alle om å setje seg inn i regelverket  - det er du  sjølv som er ansvarleg for at alle opplysningane gitt i søknaden er korrekte. Dersom du av ulike årsaker ikkje kan søkje elektronisk, kan kommunen skrive ut papirskjema til deg. Alternativt kan du gå inn på Landbruksdirektoratet sine nettsider å gjere det sjølv.

Trekk ved for sein levering

Vi minner om at for sein innleverte søknader medfører eit trekk i tilskotet på kr 1000 per dag. Husk difor å levere søknaden innan fristen 20. januar 2016. Du vil også få trekk i tilskotsbeløpet dersom du etter søknadsfristen vil oppjustere tal i søknaden eller vil ta inn utegløymde opplysningar. Dette er nytt frå og med søknadsomgangen august 2015. Ver difor spesielt nøye med å kontrollere opplysningane i søknaden.

Gjødselplan og sprøytejournal

I 2015 vart forskrift om miljøplan avvikla. Krava om at føretaket skal ha gjødselplan og sprøytejournal er teke inn i forskrift om produksjonstilskot. Krav om gjødselplan og sprøytejournal er ikkje absolutte vilkår for å kunne motta areal- og kulturlandskapstilskot, men brot på regelverket for gjødselplan og sprøytejournal kan få betydelige konsekvensar. Ved manglande gjødselplan er normen at det totale areal- og kulturlandskapstilskotet  vert avkorta med 20 %. Tilsvarande gjeld for sprøytejournal. Det kan dermed avkortast med 40 % for tilfelle der begge deler manglar.

Kontakt:

Mandy Häger(jordbrukssjef), tel. 70 24 67 10,
mandy.hager@sykkylven.kommune.no
Karl Johan Stadsnes (rådgjevar landbruk/miljø), tel.
70 24 67 05, karl.johan.stadsnes@sykkylven.kommune.no


 

Info 
Web Redaktør 06.01.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]