Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Vil du vere meddommar?

¤EPII_TITLE¤ Sykkylven treng fleire kandidatar til meddommarar i Sunnmøre tingrett og i Frostating lagmannsrett og for åra 2016 - 2019.

Å vere meddommar er ei interessant og viktig oppgåve. For å lese meir om det å vere meddommar, sjå informasjon frå Domstoladministrasjonen: http://www.domstol.no/no/Straffesak/Aktorene-i-retten/Lekdommer/ .

Om du kan tenkje deg å vere meddommar, så send ein e-post til:
elisabeth.opsvik@sykkylven.kommune.no. Vi må ha opplysning om fullt namn, adresse, yrke/stilling og kva rett du ønskjer å vere meddommar i.

Det er per i dag ein høg snittalder på meddommarar i Sykkylven kommune, og vi vil derfor oppfordre både kvinner og menn fødd etter 1975 til å melde sin interesse.

Krav for å vere meddommar:
Domsmenn skal representere eit tverrsnitt av befolkninga; dvs. alle aldrar, begge kjønn, ulik yrkesbakgrunn, ulik etnisk og kulturell bakgrunn.

Desse krava må vere oppfylt:
- Norskkunnskap: du må forstå norsk tale og tekst, og uttrykke deg på norsk.
- Personleg eigna: du må kunne følgje forhandlingane i retten, forstå problemstillingane i saka og ta stilling til desse med å seie meininga di.
- Alder: du må vere fylt 21 år og ikkje meir enn 70 år før 1.januar 2017 (fødd etter 31.desember 1946 og før 1.januar 1996)
- Statsborgar og bustad: du må vere norsk statsborgar eller statsborgar i eit anna nordisk land, eller ha stått innført i folkeregisteret som busett i riket i dei tre siste åra før valdagen.
Du må også vere registrert i folkeregisteret som busett i Sykkylven på det tidspunkt du blir oppnemnd.
- Økonomi: du kan ikkje vere under gjeldsforhandlingar, konkursbehandling eller konkurskarantene verken på det tidspunkt du blir oppnemnd eller i den perioden du blir
oppnemnd for. Du kan likevel bli domsmann om slike økonomiske høve er avslutta før oppnemninga skjer.
- Vandel: du må ha plettfri vandel, altså ikkje vere straffedømd, bøtelagd (gjeld ikkje forenkla førelegg) eller sikta.

Du kan ikkje bli meddommar om du er:
- Statsråd, statssekretær eller statsrådens personlege og politiske rådgjevar
- Tilsett ved statsministerens kontor
- Fylkesmann og assisterande fylkesmann
- Konstituert eller utnemnd dommar
- Tilsett ved domstolane eller Domstoladministrasjonen (ev. styremedlem for denne)
- Tilsett i påtalemyndigheit, politiet, kriminalomsorg, Justisdepartementet eller Politidirektoratet
- Tilsett eller student ved politihøgskulen og fengselsskulen
- Praktiserande advokat eller advokatfullmektig

Info 
Web Redaktør 19.01.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]