Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Sykkylven ønskjer forhandlingar både med Stranda og kommunane i regionkommuneprosjektet

Måndag 18. januar gjorde Sykkylven formannskap vedtak om retningsval for det vidare arbeidet med reforma.

Sykkylven kommune har vurdert to ulike alternativ for ein ny kommune; Sykkylven og Stranda som ein felles ny kommune, og ein større regionkommune saman med mellom anna Ålesund. I tillegg har Sykkylven vurdert alternativet der ein står åleine slik som i dag.

Formannskapet vedtok at Sykkylven skal gå vidare og framforhandle intensjonsavtalar både med Stranda og kommunane i regionprosjektet, samstundes som alternativet som eiga kommune er fortsatt gjeldande:

Sykkylven kommune innleiar forhandlingar/fører samtalar med både Stranda kommune og kommunane i regionkommuneprosjektet, for om mogleg å forhandle fram intensjonsavtalar med dei to. Alternativet der Sykkylven kommune kan vedta å halde fram som eiga kommune står framleis ope.

Saka skal handsamast i kommunestyret 25. januar.

Innan 8. mai 2016 skal det vere gjennomført innbyggarhøyring eller folkerøysting, og innan 1. juli 2016 skal kommunane ha gjort endeleg vedtak.

Info 
Web Redaktør 19.01.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]