Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Barnehagar Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Informasjon om barnehageopptaket for 2016/2017

¤EPII_TITLE¤

Det kan no søkjast på ledige plassar i barnehagane i Sykkylven kommune for opptak hausten 2016. Alle barn som er fødd før 1. november 2015 har lovfesta rett til plass, dersom ein søkjer innan fristen for hovudopptaket.

Søknadsfrist: 1. mars 2016

Det er samordna opptak der ein kan velje mellom fem kommunale og fire private barnehagar. Søkjarane vert oppmoda om å krysse av for flest moglege alternativ i prioritert rekkjefølgje. Enkelte trur kanskje at ein har større sjanse for å få innfridd sine ønskjer ved å krysse av for berre eitt eller to alternativ. Men slik fungerer ikkje systemet. Dei barna med flest poeng (basert opptakskriterier) får tildelt plass først. Barn som ikkje får plass ved nokon av sine prioriterte alternativ, blir tildelt plass på slutten av opptaket ved ein av dei barnehagane som framleis har ledig kapasitet. Dette skjer etter ei skjønnsmessig vurdering. Sjansen for å få innfridd sitt hovudønskje har altså ingen samanheng med at ein berre kryssar av for ein barnehage.

Dei søkjarane som ikkje får innfridd 1. eller 2. prioritet har klagerett.

Alle søkjarar skal nytte det elektroniske søknadskjemaet (sjå lenke til høgre på sida). Dersom de treng hjelp til utfylling av skjemaet kan de ta kontakt med Servicetorget på telefon 70 24 65 00.

Desse må søkje:

- Barn som ikkje har barnehageplass

- Barn som står på venteliste no

- Barn som har plass, men ønskjer å bytte barnehage

Kommunestyret har fatta eit vedtak som slår fast at ein skal gjere ei ny vurdering av evt behov for fleire barnehageplassar i sentrum og kome attende til organiseringa av dei kommunale barnehagane etter at resultatet av hovudopptaket ligg føre. Dette medfører at utsending av tildelingsbrev til foreldra vil skje seinare enn vanleg. Truleg ikkje før i slutten av april.

Info 
Web Redaktør 03.02.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Relaterte - alle gruppert [2] 
Rediger 
Uten navn [4]