Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Forhandlingar om regionkommune har starta!

¤EPII_TITLE¤ Måndag 8.februar var ti kommunar samla til første forhandlingsmøte om ny storkommune på nordre Sunnmøre.
Sykkylven kommunestyre har vedtatt å forhandle fram intensjonsavtalar med regionkommunen på den eine sida , og med Stranda kommune på den andre sida. Kommunestyret i Stranda har no også gjort vedtak om å forhandle med Sykkylven. Det er ikkje sett datoar for desse forhandlingane enno.
Både Sykkylven og Stranda har også å stå åleine som eitt alternativ.

Forhandlingane skal gå føre seg fram til påske. Følgjande datoar er fastsett: 8.februar, 19.februar, 1.mars og 15-16.mars. I tillegg vert det planlagt eit felles kommunestyremøte 29.februar.  Målet er å bli einige om ein intensjonsavtale der ein  legg rammene for ein ny kommune.

Intensjonsavtalane skal høyrast blandt innbyggarane. Nokre kommunar vel å halde ei rådgjevande følkerøysting, andre vel ei offentleg høyring. Sykkylven kommunestyre vil i møte den 14.mars avgjer korleis dette skal gjerast i Sykkylven.

Dersom to eller fleire kommunar vedtek å slå seg saman skal det opprettast ei fellesnemnd som skal stå for samanslåingsprosessen. Reglane i Inndelingslova styrer dette.

Referat frå første forhandlingsmøte: Regionkommune 1.forhandlingsmøte.



Info 
Web Redaktør 09.02.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]