Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Pressemelding - Sykkylven kommune på veg ut av ROBEK

Rekneskapen for år 2015
Grunna underskot over fleire år har Sykkylven kommune eit stort akkumulert underskot og er innmeldt i ROBEK (Register over kommunar underlagt vilkårsbunden økonomisk kontroll).

Det å vere ei ROBEK kommune er krevjande - både for politikarar, tilsette og innbyggarar. Det har vore arbeidd intenst for å få tilbake kontrollen over økonomien, det er difor gledeleg at vi no kan legge fram eit så positivt resultat.

Rekneskapen for Sykkylven kommune i år 2015 er no sendt til revisjonen, og er gjort opp med eit overskot (Netto driftsresultat) på kr 41 045 359. Saman med inntektsføring av midlar frå tidlegare år, gir dette rom for i år 2015 å disponere kr 43 943 934.

I samsvar med budsjettet er kr 30 681 100 nytta til å dekke delar av tidlegare års akkumulerte underskot.

Det står då att kr 13 262 834 som udisponert.

Denne summen vil bli disponert av kommunestyret ved godkjenning av rekneskapen. Det har vore eit godt samarbeid mellom politikarar og tilsette for å få god styring på økonomien, uttalar rådmann May-Helen Molvær Grimstad.

Årsaken til det positive resultatet er ein kombinasjon av meirinntekter på fleire områder og at stillingar er helde vakante. Det er krevjande å stå i eit krysspress mellom stramme budsjett og sjå at der mange stader er behov for meir ressursar. Det er difor ekstra gledeleg å sjå at ein får resultat av arbeidet. Kommunen kan dekke resten av akkumulert underskot i 2016 og kan dermed meldast ut av ROBEK i 2017.

Det er grunn til å peike på at vi framleis må ha ei stram økonomistyring, vi er sårbare for svingingar i skatteinntekter eller uforutsette utgifter.

- Så knappe budsjett Sykkylven kommune har hatt dei siste åra, har gjort at der er område ein ikkje har fått tatt nødvendige investeringar eller vedlikehald på i kommunen. Der er fleire område på driftssida det er behov for meir ressursar enn tilgjengelege midlar – så det er viktig at vi held fram med fokus på mest mulig effektiv og god drift. Målet er å gi innbyggarane så gode tenester som mulig innanfor dei tilgjengelege ressursane vi har, uttalar rådmannen til slutt.

For ytterligare kommentar:

Rådmann May-Helen M. Grimstad tlf. 930 63569

Økonomisjef Arild Bergstrøm tlf. 908 97957

Info 
Web Redaktør 12.02.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]