Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Tekniske tenester Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Forskrift om unntak frå tidsfristar i saker som krev oppmålingsforretning i Sykkylven kommune, Møre og Romsdal

Feltsesongen for landmålingsarbeid vil grunna klimatiske tilhøve kunne variere på  ulike stadar i Noreg.  For å ta omsyn til dette har kommunen fått høve til å påverke sakshandsamingstida i saker som er under handsaming i vintersesongen, jf. matrikkelforskrifta § 18 tredje ledd tredje punktum:

«Kommunestyret kan sjølv i forskrift vedta at tidsfristen ikkje vert  å rekne med i ei bestemt tid om vinteren.»

I medhald av lov av 17. juni 2005 nr. 191 om eigedomsregistrering (matrikkellova) med forskrifter ønskjer Sykkylven kommune å vedta lokal forskrift for saker som krev oppmålingsforretning.

Høyringsfråsegner kan De gi  skriftleg innan 16.03.2016 til

Sykkylven kommune
v/ Cathrine Hovdenakk
Tekniske tenester
Rådhuset, Kyrkjevegen 62
6230 Sykkylven

Info 
Web Redaktør 18.02.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]