Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Forhandlingar med nabokommunar pågår!

¤EPII_TITLE¤ Sykkylven kommune forhandlar no med Stranda kommune og med regionkommuneprosjektet om intensjonsavtalar for ny kommune.
I samsvar med kommunestyret sitt vedtak skal Sykkylven forhandle både med regionprosjektet og med Stranda kommune. Målsettinga er at intensjonsavtalar skal vere klare før påske. Desse vil, saman med tredje alternativ å halde fram som eiga kommune, gi grunnlag for vedtak i kommunestyret i juni.

Kommunen vil halde folkemøte om reforma over påske, då med utgangspunkt i dei framforhandla intensjonsavtalane.  

Dersom kommunestyret vedtek å gå inn i ein ny kommune, skal det opprettast fellesutval i samsvar med reglar i innndelingslova. Prosessen går då frå ein reint politisk prosess over til ein formalisert prosess etter fastsette reglar der mellom anna tilsette skal vere aktivt deltakande. 

Innbyggarane skal høyrast før endeleg avgjert vert gjort. Dette kan gjerast på ulike måtar. I mars vil kommunestyret ta stilling til om det i Sykkylven skal gjennomførast folkerøysting eller om ein skal nytte ei opa høyring.

Kommunestyret oppnemnde eit forhandlingsutval beståande av ordførar Odd Jostein Drotninghaug, varaordførar Anne Karin Watters, formannskapsmedlem Petter Lyshol og rådmann May-Helen Molvær Grimstad.

Det har pr. 24.2, vore gjennomført to forhandlingsmøte i regionprosjektet og eitt møte med Stranda kommune. Forhandlingsmøta vert leia av Sunnmøre regionråd. Referat frå møta finn du i lenker til høgre på sida.
Info 
Web Redaktør 24.02.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]