Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Kveldsseminar om lokalmat og reiseliv

¤EPII_TITLE¤ Landbrukskontora i Sykkylven, Stranda og Norddal inviterer til kveldsseminar om lokalmat og reiseliv. Vi ønskjer å drøfte moglegheitene for å etablere eit felles matforum for regionen. Matforumet skal fungere som eit møtested for matprodusentar som ønskjer å setje i gong med vidareforedling av lokale råvarer, nisjeproduksjon og/eller utvikling av lokale matspesialiteter.

Dato:   17. mars 2016
Sted:   Storfjord kulturhus, Stranda

Program:

19:30   Velkomst v/landbrukskontora
19:35   "Fra jordene på Kjekshus til matbordet på Thorbjørnrud hotell", v/ Olav Lie Nilsen
20:20   ”Dei gode råvarane - om lokalmat i reiselivsbransjen”, v/ Nils Nesje
20:50   Pause med servering av lokalmat
21:10   Presentasjon av matforumet og vegen vidare, v/ Mandy Häger
21:20   Spørsmål og diskusjon
22:00   Slutt. Vel heim

Påmelding innan 14. mars 2016 til mandy.hager@sykkylven.kommune.no eller på tlf. 70 24 67 10. Arrangementet er gratis.

Om foredragshaldarane: 

Olav Lie Nilsen er eigar av Thorbjørnrud hotell og garden Øvre Kjekshus på Hadeland. På garden produserer han mjølk, ost, grønsaker og kjøt av storfe, gris og sau. Alt som vert servert av kjøt på Thorbjørnrud hotell  inkludert honningskinke, salami, spekepølse og anna kjøttpålegg på frokost- og lunsjbordet, er foredla frå dyra på eiga gard. 

Nils Henning Nesje brenner for mat som er ureist, lokal og full av smak og karakterer. Han er eigar av ”Nesje - mat med hjerte” og kokkegruppen Chefs dinner norge. I 2015 vant han ”Norsk på menyen”, der han hadde Norges beste lokalmatmeny. I tillegg er han leiar for HANEN i Møre og Romsdal, som er ein landsdekkande næringsorganisasjon for verksemd innan bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske i Norge.
 


Fullstendig invitasjon finn du her: 
Invitasjon til kveldsseminar om lokalmat og reiseliv


 

Info 
Web Redaktør 07.03.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]