Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Tekniske tenester Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Parkering langs Nysætervegen

¤EPII_TITLE¤ Det er snart påske, og mange har sikkert tenkt seg på turar til fjells. Til felles beste er det då viktig at vi parkerer slik at vi ikkje skaper vanskar for kvarandre.

At det eventuelt vert parkert feil, kan føre til ulempe for andre vegfarande, og det kan til tider føre til at vegen ikkje vert framkomeleg. Kommunen ynskjer derfor å minne om at det er viktig å respektere vedteken skilting, her spesielt for strekninga på Nysætervegen fram mot skitrekket.

Reglane gir parkering forbode grovt sett for strekninga frå fv60 (Sykkylvsvegen) og opp Nysætervegen til bakketoppen litt forbi Drabløsskogvegen, omtrent ved avfalls-containarane, samt for kortare strekningar inne ved skitrekket. Det er hovudsakleg nytta skilt som viser parkering forbode, kombinert med pil peikande opp eller peikande ned.
Pil peikande oppover fortel at det er parkering forbode frå skiltet og vidare deretter langs etter vegen.
Pil peikande nedover fortel at forbodet mot parkering gjeld fram hit. Etter skiltet med pil ned, er det såleis lov å parkere. 

Parkering forbode - pil opp
Fotograf: Bjarte Hovland Parkering forbode - pil ned
Fotograf: Bjarte Hovland
Pil opp, det er parkering forbode frå her  Pil ned, parkering forbode gjeld til hit 

Info 
Web Redaktør 15.03.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]